-
Eg studerer klassisk trombone i Sveits hjå ein av verdas mest anerkjente tromboneprofessorar, i ein av verdas aller beste tromboneklassar. Draumen er å vinne jobb i eit symfoniorkester eller korps. Sjølv om eg studerer der eg gjer, og har hatt ein enorm utvikling, så følte eg at det var noko som mangla for at eg verkeleg skulle vera med å konkurrere om fast jobb. Eg har tidligare hatt god effekt av mental trening og derfor tok eg kontakt med Astrid. Allereie etter første time kjente eg at dette var rett veg å gå. Etter jul begynte eg å knekka fleire kodar, og eg utvikla meg veldig fort.
I dag er eg mykje tryggare på meg sjølv, kven eg er, og kor eg skal. For meg handlar det om å sjå heile personen. Personleg utvikling og utvikling på instrumentet og i musikken går hand i hand. Astrid heiar verkeleg på ein, og er der. Det er ein tryggleik å vite at ein kan bare ta kontakt når det skulle vera nødvendig. Eg veit at Astrid er en støttespelar eg må ha med vidare på denne reisa.
Sølve Grøden Wold